Master

Historie - master

Varighet
2 år
Undervisning
Heltid
Studielån/Stipend
Støttet av lånekassen
Varighet
2 år
Undervisning
Heltid
Studielån/Stipend
Støttet av lånekassen

Historie - master

Historiemiljøet i Tromsø har spesialisert seg på samisk- og urbefolkningshistorie, nordområda, andre verdskrig, registrering av historiske data og demografi, eldre tids historie, norsk-russiske relasjonar, lese- og skrivehistorie, og historieteori og -metode. Masterstudiet i historie gir kunnskap for djupare historiefagleg samfunnsanalyse, men også kompetanse for generell kritisk analyse med overføringsverdi til andre fag. Du vil dessutan få auka forståing for historieforskinga sin metode og teori og utvikle ei meir sjølvstendig haldning til historisk kjeldemateriale og framstillingar.

Gjennom masterstudiet i historie lærer du deg historikarfaget. Du får sjølv prøvd deg på forsking gjennom masteroppgåva, og får trening i å vurdere kjeldemateriale, problemstillingar og litteratur innanfor eit avgrensa forskingsfelt. Du kan skrive om eit tema/problemstilling som du brenn for, anten aleine med rettleiar eller i forskingsgruppe eller eit forskingsprosjekt. Då kan du få støtte frå eit større nettverk, og bli kjent med eit større fagmiljø som forskar på det same som deg.

Også det andre semesteret er felles for alle studentane. No startar arbeidet med HIS-3900 Mastergradsoppgåve i historie (20 av tilsaman 60 studiepoeng). Før starten av semesteret har studentane fått tildelt rettleiar, tildeling skjer på bakgrunn av prosjektskissa. For dei fleste av studentane vil det dette semesteret vere naturleg å kartleggje og samle inn kjelder, starte analysen av kjeldene og arbeide med innleiingskapittelet – og då særleg teori- og metodedelen. I løpet av semesteret legg studentane fram eit skriftleg kapittelutkast på masterseminaret. Framlegging og deltaking på masterseminaret er obligatoriske arbeidskrav. Emnet HIS-3008 Forskingslitteratur (10 studiepoeng) er ei fagleg fordjuping i historiefaget si historie – historiografi – kombinert med målretta arbeid for å finne fram til og tileigne seg relevant forskingslitteratur knytt til tema for eiga masteroppgåve.

Fjerde og siste semesteret arbeider studenten på heiltid med ferdigstilling av HIS-3900 Mastergradsoppgåve i historie (30 av 60 studiepoeng). I løpet av semesteret må kvar student leggje fram eit skriftleg kapittelutkast på masterseminaret. Framlegging og deltaking på masterseminaret er obligatoriske arbeidskrav. Innlevering av masteroppgåva er normalt i midten av mai. Studiet blir avslutta med munnleg eksamen med utgangspunkt i masteroppgåva, dette skjer normalt frå slutten av mai og fram mot 23. juni.

Valemne
Instituttet tilbyr normalt 3–4 valfrie realhistoriske fordjupingsemne á 10 studiepoeng på 3000-nivå kvar haust. Kva for emne som blir tilbydd varierer frå år til år. Normalt vil det minimum vere eit emne frå eldre tid og eit emne frå nyare tid, i tillegg til eit langsgåande engelskspråkleg emne (HIS-3005 History of Indigenous Peoples - Indigenous people, ethnic minorities and the multi-cultural society in the North). Oversikt over kva for emne som blir tilbydd og oppdaterte emneskildringar er tilgjengelege på nett.

UiT Norges arktiske universitet
Universitetet i Tromsø
9037 Trømsø

Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet

UiT Norges arktiske universitet er et breddeuniversitet som bidrar til en kunnskapsbasert utvikling regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Her studerer over 16.000 studenter – fordelt på over 200 studieprogrammer. UiT har studietilbud på ti steder: Tromsø, Alta, Kirkenes, Hammerfest, Harstad, Narvik, Bardufoss, Bodø,...

Les mer og vis alle utdanninger ved UiT Norges arktiske universitet

Highlights