Religion og språk - Bachelor

Sammendrag
p
Varighet: 3 år
Studielån/Stipend: Ja
Heltid/Deltid: Heltid
Søknadsfrist: 15.april
Utdanningsinstitutt: Høgskulen i Volda plus
Studiesteder: Volda
Type utdanning: Bachelor og lavere
Høgskulen i Volda

Religion og språk - Bachelor

Religion og språk - Bachelor

Religion og språkEr du interessert i religion, språk og litteratur, og kunne tenkje deg å undervise i slike fag ? Då kan dette studieprogrammet vere noko for deg. I det fleirkulturelle samfunnet er kommunikasjon over språklege, religiøse og kulturelle skiljelinjer viktig, og slik kompetanse er difor etterspurd både i skulen og i andre yrkessamanhengar.

Ønskjer du å bli lærar, må du byggje på med eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Du vil då få formell undervisningskompetanse i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen. Studieprogrammet kvalifiserer også for andre yrke der ein treng språkleg, litterær og religionsfagleg kompetanse, til dømes innan kultursektoren, i kyrkja og i media. Kunnskap om språk og kulturforståing blir i aukande grad også etterspurd av næringslivet.

Bachelorgraden i religion og språk gir grunnlag for å søkje opptak på mastergrad i Kulturmøte ved Høgskulen i Volda eller ved mastergradsstudium ved andre høgskular og universitet.

Utdanningens mål

Bachelorgraden i religion og språk gir deg fagleg kunnskap som gjer deg i stand til å forstå betre endringsprosessar i samfunnet. Studiet er bygd opp av emne innan religion/livssyn og språk/litteratur (norsk/engelsk) med spesialisering i religionsfag.


Studiepoeng (ECTS)

180

Utdanningens struktur

Bachelor i religion og språk er oppbygd på dette viset:

  • Fordjuping i religionsfag med minst 90 stp., minst 30 av dei på 200-nivå
  • Ex. Phil. og metodekurs som obligatorisk innføringsemne, til saman 15 stp.
  • Bacheloroppgåva på 15 stp. kan inngå i dei 90 stp. eller kome i tillegg
  • Det andre faget må ha minst 60 stp
  • Du kan også velje eit tredje emne på 15 stp. frå eit anna fagområde

Studiefakta, Tittel m.m

Bachelor og lavere

Høgskulen i Volda

Velkommen til Høgskulen i Volda

Til Volda - og vidare

Korleis ser du føre deg ein perfekt start på studielivet? Og kva med vegen vidare?

I vakre Volda veks det i mai og juni fram nye kull med ferdigutdanna studentar, klare for eit nytt kapittel i livet. Erfaringane frå den intime og vakre studiestaden med rundt 8000 innbyggjarar følgjer med resten av livet, både fagleg og sosialt. I Volda går kultur og natur hand i hand. Frå det populære studenthuset, kafeen og konsertscena Rokken, er vegen kort til toppen av Rosethornet, eit kjent og kjært landemerke. Tek du turen opp, vil du også få oversyn over heile Volda og den vakre naturen som omgir studentbygda. Velkomen til Volda!

Kvifor velje Volda

Eit studieopphald i Volda gir deg tverrfagleg og attraktiv fagleg kompetanse, skreddarsydd for eit breitt yrkesliv. Først sørgjer den tradisjonsrike Fadderveka og andre festivalar for at du som ny student landar trygt og får grunnlag for god fagleg utvikling i eit godt læringsmiljø. Men reisa er på langt nær over med det. For nyutdanna studentar frå Høgskulen i Volda går reisa gjerne vidare – inn i eit utfordrande arbeidsliv – og kanskje ut i verda? 

Tek du høgare utdanning i Volda, er alt opp til deg sjølv. Høgskulen er kjende for yrkesutdanningar med god fagleg kvalitet, og studerer du til dømes mediefag, lærarutdanning eller sosialt arbeid i Volda, får du svært ettertrakta fagleg og sosial kompetanse på arbeidsmarknaden. Tek du eit halvår av utdanninga ved ein av dei mange samarbeidsinstitusjonar i heile verda, utvidar du i tillegg horisonten og skaffar deg ekstra tyngd og erfaring. Studietilbudet gjenspeiler kompetansebehovet både i offentlig og privat sektor, med mulighet for utdanning både på bachelor- og mastergradsnivå. Høgskulen har i tillegg mange kreative og spennende fagstudium innanfor mediedesign, drama, friluftsliv, idrett, historie, realfag, kunst, musikk, språk med meir. 

Ut i verda?

Høgskulen i Volda er i tet mellom høgskulene i Noreg når det gjeld inn- og utveksling av studentar. I alle bachelor- og masterprogram legg høgskulen til rette slik at studentar kan ta minimum eit semester i utlandet, som ein integrert del av graden ved høgskulen. Ein kan i praksis reise kvar som helst i verda, men det kan vere ein fordel å reise til ein samarbeidspartnar. Per i dag har Høgskulen i Volda rundt 140 partnarar i meir enn 40 land. Høgskulen i Volda er også offensiv når det gjeld å ta imot studentar frå utlandet, og har aldri før hatt så mange som i år. Dette er med på å gjere Volda til eit internasjonalt knytepunkt. Tek du ein tur rundt på campus, kan du ikkje la vere å leggje merke til "Pangaia", den internasjonale møteplassen. 

Høgskulen i VoldaGi litt av deg sjølv - få masse tilbake!

Volda-studentane er kjende for å skape ein avslappa, engasjert og kreativ atmosfære. Dei bryr seg om livet rundt seg, og dette er noko av grunnen til at mange opplever studiemiljøet i Volda som både totalt hæla-i-taket og seriøst på same tid. Gir du litt av deg sjølv i Volda, får du garantert masse tilbake! Har du delteke på studentVEKA, Animasjonsfestivalen, Dokumentarfilmfestivalen eller vintersportfestivalen X2? Då har du garantert skulderveska full av nye vener og viktige kontaktar for framtida. Dei varierte sosiale erfaringane, saman med ein solid og yrkesretta fagleg ballast, gjer deg til ein ettertrakta arbeidstakar når du etter kvart reiser vidare i livet.


plusVis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Beskrivelse og bosted

Jeg vil vite mer!

Fyll inn følgende felt for å få mer informasjon fra Religion og språk - Bachelor:

* =  Obligatorisk felt
Errors
*
*
*
*
*
» Til informasjon
This field is used for controlling automatic form submits. Please leave it blank:

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda

Tlf: 70 07 50 00
www.hivolda.no

Kontakt Høgskulen i Volda
 
Vil du vite mer?

Fyll inn følgende felt for å få mer informasjon fra Religion og språk - Bachelor:

Motta nyhetsbrev om utdanning
This field is used for controlling automatic form submits. Please leave it blank:
» Til informasjon
Omtaler
Skriv en skoleomtale!
Nyhetsbrev
Abonner på hogskoleutdanning.no nyhetsbrev om studier! Les mer Les mer