Matkultur og helse - Årsstudium

Sammendrag
p
Varighet: 1 år
Utdanningen holdes på: Norsk
Studielån/Stipend: Ja
Heltid/Deltid: Heltid
Søknadsfrist: 15.april
Utdanningsinstitutt: Høgskulen i Volda plus
Studiesteder: Volda
Type utdanning: Bachelor og lavere
Høgskulen i Volda

Matkultur og helse - Årsstudium

Matkultur og helse - Årsstudium

Matkultur og helseEr du interessert i matkultur og helse? Som student ved årsstudiet vil du lære å arbeide med kost og ernæring i praksis og i tema- og prosjektarbeid. Framtidas samfunn, og ikkje minst grunnskulen og barnehagen, har stor nytte av auka kompetanse om samanhengen mellom mat, kultur og helse.

Studiet gir kompetanse i å undervise i faget Mat og helse i grunnskulen. Likevel gir studiet kompetanse om kosthald og helse på generelt grunnlag. Det kan også gå inn som del av ein bachelorgrad eller som fagval i grunnskulelærarutdanninga. Studiet er også eigna for dei som vil formidle kunnskap om mat, kultur og konservering og laging av mat til barn, ungdom og vaksne i barnehage og anna formidlingsverksemd.

Utdanningens mål

Praktisk arbeid med mat er ein viktig del av studiet, men den teoretiske delen av studiet er også viktig som grunnlag for det praktiske arbeidet. Gjennom studiet Matkultur og helse skal studentane få kunnskap, ferdigheiter og haldningar knytt til mat og måltid i eit ernæringsperspektiv, men også i eit kulturelt og historisk perspektiv. Helseaspektet knytt til mat er viktig, og ein vil her få lære korleis ein kan førebyggje sjukdomar med kosten. Faget har både eit naturfagleg og samfunnsfagleg perspektiv, og i dette spenningsfeltet ligg det helsefremjande aspektet.


Opptakskrav/Søknad

Generell studiekompetanse

Studiepoeng (ECTS)

60

Utdanningens struktur

Matkultur og helse er sett saman av fire emne, kvart på 15 studiepoeng, to emne i haustsemesteret og to i vårsemesteret. Det er undervisning måndagar og tysdagar. I tillegg er det fem samlingar kvart semester (fredag ettermiddag/kveld og heile laurdag; eventuelt onsdag eller torsdag i staden for laurdag om det melder seg nok studentar til to grupper). Det vert gitt undervisning i både teoretiske og praktiske tema i tillegg til individuell rettleiing knytt til obligatoriske oppgåver. Mykje av det praktiske arbeidet går føre seg i grupper.

Studiefakta, Tittel m.m

Årsstudium

Høgskulen i Volda

Velkommen til Høgskulen i Volda

Til Volda - og vidare

Korleis ser du føre deg ein perfekt start på studielivet? Og kva med vegen vidare?

I vakre Volda veks det i mai og juni fram nye kull med ferdigutdanna studentar, klare for eit nytt kapittel i livet. Erfaringane frå den intime og vakre studiestaden med rundt 8000 innbyggjarar følgjer med resten av livet, både fagleg og sosialt. I Volda går kultur og natur hand i hand. Frå det populære studenthuset, kafeen og konsertscena Rokken, er vegen kort til toppen av Rosethornet, eit kjent og kjært landemerke. Tek du turen opp, vil du også få oversyn over heile Volda og den vakre naturen som omgir studentbygda. Velkomen til Volda!

Kvifor velje Volda

Eit studieopphald i Volda gir deg tverrfagleg og attraktiv fagleg kompetanse, skreddarsydd for eit breitt yrkesliv. Først sørgjer den tradisjonsrike Fadderveka og andre festivalar for at du som ny student landar trygt og får grunnlag for god fagleg utvikling i eit godt læringsmiljø. Men reisa er på langt nær over med det. For nyutdanna studentar frå Høgskulen i Volda går reisa gjerne vidare – inn i eit utfordrande arbeidsliv – og kanskje ut i verda? 

Tek du høgare utdanning i Volda, er alt opp til deg sjølv. Høgskulen er kjende for yrkesutdanningar med god fagleg kvalitet, og studerer du til dømes mediefag, lærarutdanning eller sosialt arbeid i Volda, får du svært ettertrakta fagleg og sosial kompetanse på arbeidsmarknaden. Tek du eit halvår av utdanninga ved ein av dei mange samarbeidsinstitusjonar i heile verda, utvidar du i tillegg horisonten og skaffar deg ekstra tyngd og erfaring. Studietilbudet gjenspeiler kompetansebehovet både i offentlig og privat sektor, med mulighet for utdanning både på bachelor- og mastergradsnivå. Høgskulen har i tillegg mange kreative og spennende fagstudium innanfor mediedesign, drama, friluftsliv, idrett, historie, realfag, kunst, musikk, språk med meir. 

Ut i verda?

Høgskulen i Volda er i tet mellom høgskulene i Noreg når det gjeld inn- og utveksling av studentar. I alle bachelor- og masterprogram legg høgskulen til rette slik at studentar kan ta minimum eit semester i utlandet, som ein integrert del av graden ved høgskulen. Ein kan i praksis reise kvar som helst i verda, men det kan vere ein fordel å reise til ein samarbeidspartnar. Per i dag har Høgskulen i Volda rundt 140 partnarar i meir enn 40 land. Høgskulen i Volda er også offensiv når det gjeld å ta imot studentar frå utlandet, og har aldri før hatt så mange som i år. Dette er med på å gjere Volda til eit internasjonalt knytepunkt. Tek du ein tur rundt på campus, kan du ikkje la vere å leggje merke til "Pangaia", den internasjonale møteplassen. 

Høgskulen i VoldaGi litt av deg sjølv - få masse tilbake!

Volda-studentane er kjende for å skape ein avslappa, engasjert og kreativ atmosfære. Dei bryr seg om livet rundt seg, og dette er noko av grunnen til at mange opplever studiemiljøet i Volda som både totalt hæla-i-taket og seriøst på same tid. Gir du litt av deg sjølv i Volda, får du garantert masse tilbake! Har du delteke på studentVEKA, Animasjonsfestivalen, Dokumentarfilmfestivalen eller vintersportfestivalen X2? Då har du garantert skulderveska full av nye vener og viktige kontaktar for framtida. Dei varierte sosiale erfaringane, saman med ein solid og yrkesretta fagleg ballast, gjer deg til ein ettertrakta arbeidstakar når du etter kvart reiser vidare i livet.


plusVis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Beskrivelse og bosted

Jeg vil vite mer!

Fyll inn følgende felt for å få mer informasjon fra Matkultur og helse - Årsstudium:

* =  Obligatorisk felt
Errors
*
*
*
*
*
» Til informasjon
This field is used for controlling automatic form submits. Please leave it blank:

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda

Tlf: 70 07 50 00
www.hivolda.no

Kontakt Høgskulen i Volda
 
Vil du vite mer?

Fyll inn følgende felt for å få mer informasjon fra Matkultur og helse - Årsstudium:

Motta nyhetsbrev om utdanning
This field is used for controlling automatic form submits. Please leave it blank:
» Til informasjon
Omtaler
Skriv en skoleomtale!
Nyhetsbrev
Abonner på hogskoleutdanning.no nyhetsbrev om studier! Les mer Les mer