|
Sammendrag
![]()
![]() |
|
|||||||||||||||||
Matematisk kompetanse er i dag svært etterspurd, både i skulen og i samfunnet elles. Mennesket har til alle tider brukt og utvikla matematikk for å utforske universet, for å systematisere erfaringar og for å beskrive og forstå samanhengar i naturen og i samfunnet. Matematikk årsstudium er spesielt retta mot grunnskulen, og som lærar vil du med dette årsstudiet vere attraktiv på arbeidsmarknaden.
Då det er stor mangel på matematikklærarar i grunnskulen, vil lærarar som har fullført 60 studiepoeng i matematikk, vere etterspurde på arbeidsmarknaden. Studiet kan inngå i ein bachelorgrad eller i ein fagkrins med Praktisk pedagogisk utdanning (PPU). Årsstudiet dannar dessutan grunnlag for opptak på fordjupingsstudium i matematikk (Matematikk 3).
Årsstudiet skal gi ei grunnleggjande innføring i matematikk i grunnskulen. Dei matematikkfaglege temaa er valde ut frå relevans for undervisning i grunnskulen og er sette inn i ein didaktisk samanheng. Etter læreplanen for skulen (LK06) er ei av målsetjingane å vise elevane den relevans og nytteverdi faget har på ei rekkje område i samfunnet og i kvardagen for den enkelte. Gjennom studiet får du difor eit godt didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne gjere dette.
Generell studiekompetanse og REALFA, dvs. R1/(S1+S2) og enten (R1+R2) eller (FYS1+2) eller (KJE1+2) eller (BIO1+2) eller (INFO1+2) eller (GEO1+2) eller (TEK1+2). Eller tilsvarande.
60
Studiet er organisert i fire emne på 15 studiepoeng kvar, to emne om hausten og to om våren. I to av emna, eitt haust og eitt vår, er temavalet gjort for i hovudsak å gi kompetanse til å undervise i matematikk i dei sju første åra i grunnskulen. Dei to andre emna er i hovudsak retta mot undervisning på ungdomssteget i grunnskulen.
Arbeidsformene er prega av studentaktivitet med eit stort innslag av oppgåve- og problemløysing, støtta av oppgåvedrøfting og førelesing. Det vert kravd aktiv deltaking gjennom heile studiet.
Studiet er fleksibelt organisert med undervisning ved høgskulen supplert med nettstøtte. Det vert lagt til rette for at studentar som ønskjer det, kan følgje studiet via nettet, med lite frammøte ved Høgskulen i Volda. Studiet vert då å sjå på som sjølvstudium med oppgåver og rettleiing via nettet, og vert dermed meir krevjande å følgje.
Årsstudium

Korleis ser du føre deg ein perfekt start på studielivet? Og kva med vegen vidare?
I vakre Volda veks det i mai og juni fram nye kull med ferdigutdanna studentar, klare for eit nytt kapittel i livet. Erfaringane frå den intime og vakre studiestaden med rundt 8000 innbyggjarar følgjer med resten av livet, både fagleg og sosialt. I Volda går kultur og natur hand i hand. Frå det populære studenthuset, kafeen og konsertscena Rokken, er vegen kort til toppen av Rosethornet, eit kjent og kjært landemerke. Tek du turen opp, vil du også få oversyn over heile Volda og den vakre naturen som omgir studentbygda. Velkomen til Volda!
Eit studieopphald i Volda gir deg tverrfagleg og attraktiv fagleg kompetanse, skreddarsydd for eit breitt yrkesliv. Først sørgjer den tradisjonsrike Fadderveka og andre festivalar for at du som ny student landar trygt og får grunnlag for god fagleg utvikling i eit godt læringsmiljø. Men reisa er på langt nær over med det. For nyutdanna studentar frå Høgskulen i Volda går reisa gjerne vidare – inn i eit utfordrande arbeidsliv – og kanskje ut i verda?
Tek du høgare utdanning i Volda, er alt opp til deg sjølv. Høgskulen er kjende for yrkesutdanningar med god fagleg kvalitet, og studerer du til dømes mediefag, lærarutdanning eller sosialt arbeid i Volda, får du svært ettertrakta fagleg og sosial kompetanse på arbeidsmarknaden. Tek du eit halvår av utdanninga ved ein av dei mange samarbeidsinstitusjonar i heile verda, utvidar du i tillegg horisonten og skaffar deg ekstra tyngd og erfaring. Studietilbudet gjenspeiler kompetansebehovet både i offentlig og privat sektor, med mulighet for utdanning både på bachelor- og mastergradsnivå. Høgskulen har i tillegg mange kreative og spennende fagstudium innanfor mediedesign, drama, friluftsliv, idrett, historie, realfag, kunst, musikk, språk med meir.
Høgskulen i Volda er i tet mellom høgskulene i Noreg når det gjeld inn- og utveksling av studentar. I alle bachelor- og masterprogram legg høgskulen til rette slik at studentar kan ta minimum eit semester i utlandet, som ein integrert del av graden ved høgskulen. Ein kan i praksis reise kvar som helst i verda, men det kan vere ein fordel å reise til ein samarbeidspartnar. Per i dag har Høgskulen i Volda rundt 140 partnarar i meir enn 40 land. Høgskulen i Volda er også offensiv når det gjeld å ta imot studentar frå utlandet, og har aldri før hatt så mange som i år. Dette er med på å gjere Volda til eit internasjonalt knytepunkt. Tek du ein tur rundt på campus, kan du ikkje la vere å leggje merke til "Pangaia", den internasjonale møteplassen.
Gi litt av deg sjølv - få masse tilbake!Volda-studentane er kjende for å skape ein avslappa, engasjert og kreativ atmosfære. Dei bryr seg om livet rundt seg, og dette er noko av grunnen til at mange opplever studiemiljøet i Volda som både totalt hæla-i-taket og seriøst på same tid. Gir du litt av deg sjølv i Volda, får du garantert masse tilbake! Har du delteke på studentVEKA, Animasjonsfestivalen, Dokumentarfilmfestivalen eller vintersportfestivalen X2? Då har du garantert skulderveska full av nye vener og viktige kontaktar for framtida. Dei varierte sosiale erfaringane, saman med ein solid og yrkesretta fagleg ballast, gjer deg til ein ettertrakta arbeidstakar når du etter kvart reiser vidare i livet.
Fyll inn følgende felt for å få mer informasjon fra Matematikk i grunnskulen - Årsstudium: